Konsert Ingebjørg Bratland

Torsdag 30. juli kl. 19:00

Brekkekjærhaven kulturkafé

Beskrivelse

Vinje-bygdingen har alt ei merittliste dei fleste kan misunne. Med låtar som «Jul i Svingen», «Ingen som du», «På avstand», «Fordi eg elskar deg» –og mange fleire –har ho bora seg inn i den norske folkesjela.

Bratland er mest kjend gjennom låtaneog albuma sine, der ho tolkar eigne og andre sine songar på sitt heilt særeigne vis, og når eit stort publikum i alle aldrar.Dei siste åra har Ingebjørg, saman med sin gode ven Odd Nordstoga, spelt konsertar for fulle salar over heile landet, og no er ho klar for å dra vidare på si eiga musikalske ferd.

2026 starta med førsteplass på Spotify med låta «Baby, du er rå!» saman med bandet Hagle. Ingebjørg er òg å sjå på TV 2 kvar fredag denne våren –som mentor i det populære musikkprogrammet The Voice.

Einskal heller ikkje sjå bort frå at det dukkar opp ny og spanande musikk frå Ingebjørg Bratlands hand i løpet av 2026